Vi er godt i gang med planlegginga av turen, både med å møtast teamet og med å dra på weekend. Sentralt i planlegginga står og korrespondansen med CHRISC Kenya og spesilet Voi. Nett no jobbar vi med å få på plass ei skisse for eit program for opphaldet i Voi. Vi har fått ei lita oppdatering på korleis ståa er der, og det tenkte vi de kanskje ville vite. Jimmy Mykusi skriv (fritt omsett av underteikna):
Her i Voi har vi i augneblinken ei turnering for gutar under 14, for 7′er lag for jenter. Tureringa er i ein omleggingsfase då vi ynskjer å danne eit seriesystem, både med u-14 klasse, men og med ein u-18 klasse slik at dei som har vore med på u-14 kan være med vidare i turneringa. Potensialet her er stort og ting går godt!
Jimmy avsluttar med å ynskje oss velkomne til Voi.
Stemninga på teamet er på topp, og vi gler oss til ta fatt på arbeidet.

No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen